Oppdatert strategi for digital bevaring i Nasjonalbiblioteket (NB)

NB etablerte sin første strategi for digital bevaring i februar 2024. Han hadde som mål å styre, strukturere og spisse fokuset i arbeidet vårt med digital bevaring for perioden 2024-2025.
Denne er no erstatta av ein oppdatert strategi som skal gjelde for perioden 2026-2029.
Den oppdaterte strategien byggjer på dei samen prinsippa som den førre. Føreseielegheit og retning i arbeidet med digital bevaring er viktig.
Det er likevel gjort nokre endringar for å tydeleggjere retninga i vårt arbeide ytterlegare.
Følgjande endringar er lagde inn i oppdatert strategi for digital bevaring i NB:
Tidsperioden for strategien er sett til å gjelde for same periode som den overordna strategien for NB.
Bevaringsstrategien er knytt tettare til organisasjonen sine strategiske mål om formidling, forsking og teknologiutvikling.
Det er teke inn ei eiga målformulering om sikring av datakvalitet og satsing på KI.
Det er teke inn eit moment om uvisse og utfordringar knytte til økonomi og finansiering
Det er teke inn eit organisasjonsmoment om arbeid med kontinuerleg forbetring i tverrfaglege team.
Under strategiske satsingsområde er det teke inn eit punkt som tydeleggjer rolla til NB som bevaringsinstitusjon i forhold til ABM-sektoren og nasjonal kunnskapsberedskap. Dette er teke med som ein direkte konsekvens av Stortingsmelding nr 9.(2024–2025) Totalberedskapsmeldingen — Forberedt på kriser og krig. Det som var særleg å merke seg her, var at kunst og kultur er blitt ein del av totalberedskapen. Det inneber at kultur, kulturarv og kulturaktørar òg blir definert som viktige i kriser og krig.
I tillegg har det vore viktig å sikre at strategidokumentet er kort og konsist, slik at det faktisk blir lese og forstått. Her er den nye strategien.